Frigir namnet på seksåringen som drukna
Blei funnen i Kyrkjevatnet på Tysnes sist torsdag.
Det var seks år gamle Oliver Nordøy-Økland frå Tysnes som omkom i drukningsulukka ved Kyrkjevatnet på Tysnes torsdag 16. juli. Det melder Vest politidistrikt tysdag ettermiddag.
Barn varsla om ulukka
Politiet skriv at omstenda rundt ulukka er tilstrekkeleg klarlagde og at politiet er i ferd med å avslutta etterforskinga av saka.
Politiet fekk torsdag 16. juni rundt klokka 16.50 melding om ei mogleg drukningsulukke ved dagsturhytta ved Kyrkjevatnet på Tysnes.
– Tre barn i aldersgruppe seks til sju år hadde leika og bada i området. Ein gut på seks år som var i kano fall i vatnet og vart borte. Borna varsla andre om kva som hadde skjedd.
Borna hadde ikkje redningsvest. Kanoen som borna leika med låg like ved dagsturhytta. Det var ingen vaksne til stades då ulykke skjedde. Foreldra visste ikkje at borna var ved vatnet, og dei hadde ikkje gjeve borna lov til å gå dit. Borna hadde gått til staden på eiga hand, seier Arne Lutro i ei pressemelding frå Vest politidistrikt.
Blei erklært omkomen
Mannskap frå brannvesenet, politiet og helsetenesta var samla like i nærleiken av Uggdal og var raskt i gang med søk etter guten i og rundt Kyrkjevatnet, mellom anna med dykkarar.
Artikkelen held fram under annonsen.
– Klokka 17.51 vart guten funnen under vatn av dykkarar. Det vart sett i verk livreddande førstehjelp før guten vart frakta til Haukeland universitetssjukehus med luftambulanse.
Klokka 20.23 stadfesta Haukeland universitetssjukehus overfor politiet sin operasjonssentral at livet ikkje stod til å redda. Guten var erklært omkomen klokka 20.00, står det i meldinga.
– Dette er ein tragedie som pregar heile lokalsamfunnet vårt. Det er ei ulukke med mange råka. Her er pårørande, venner, medelevar og deira familiar, sa Kåre Martin Kleppe, ordførar i Tysnes, til Sunnhordland før helga.