Det byrja å brenna i ei pipe i Sagvåg i natt, noko som førte til ein liten ulmebrann i ein vegg.

Illustrasjons
Det byrja å brenna i ei pipe i Sagvåg i natt, noko som førte til ein liten ulmebrann i ein vegg. Illustrasjons Foto: Marius Knutsen

Frivillige fekk sløkt brannen

Brannvesenet meldte om skogbrann på Huglo ved 16-tida laurdag. Då dei kom til staden var brannen sløkt.

Då klokka var 16.07 fekk brannvesenet på Stord inn melding om ein skogbrann på Nordhuglo.

Stord brann og redning var raskt på øya, og hadde mykje utstyr med seg. Men då dei kom hadde frivillige allereie sløkt brannen.

– Me har heldigvis ein oppegåande gjeng på Huglo. Dei hadde hjulvogner med vatn, som dei faktisk fylte opp i går. Brannen blei raskt sløkt, seier vakthavande Jan Tore Brückner.

Ifølgje Brückner var det heldigvis relativt lite vind der brannen starta.

– Det var heller ikkje så stort område. Det er rundt 60 kvadrat som no er svidd av, seier Brückner til Sunnhordland.

Han presiserer at folk må vera varsame med bruk av open eld.

– Når det er så tort som no, skal det utruleg lite til for at det byrjar å brenna, seier han.