annonse

Frode (50) blir ny sjef for Podlen verkstad

Ny sjef
Ny sjef: Frode Helland tek over som leiar i Podlen verkstad frå 1. november. (Foto: Idealhus)

Tek over som leiar 1. november.

Vidar Hope

– Eg gler meg veldig, seier Frode Helland (50).

17 personar søkte om leiarstillinga etter Odd Stuve Rommetveit (67) som til nyttår går av med pensjon. Då har han vore leiar for Podlen verkstad i 25 år.

Fredagspraten: Odd Stuve Rommetveit er poteta frå Høyland

Frode Helland er fødd og oppvaksen på Fitjar, men bur no i Sagvåg.

– Frode Helland har ein variert og mangslungen utdanning- og yrkesbakgrunn. Han er fagskuleingeniør, og arbeidar no som byggjeleiar og seljar. Han har arbeidd lenge i byggjebransjen, og har også utdanning som byggmeister. I tillegg har han fagbrev som bakar/konditor, skriv styreleiar Johannes Kristian Landmark i Podlen verkstad i ei pressemelding.

Der går det også fram at Helland har vore engasjert som fotballtrenar for born og unge, og at han har gode kunnskapar om lokalmiljøet, både på Stord og nabokommunane.

Styret valte samrøystes Frode Helland.

– Eg var veldig interessert i denne jobben. Det er viktig for brukarane at dei har ein god arbeidsplass å gå til, og eg vil følgja opp det gode grunnlaget Odd og dei ordinært tilsette har lagt for det, seier Helland til Sunnhordland.

Han hadde ein del kunnskap om Podlen verkstad før han søkte om leiarjobben.

– Eg har sjølvsagt følgt dei på Facebook i eit par år og har fått med meg oppdateringane der, seier Helland.

Han jobbar i dag i Idealhus og startar i den nye leiarjobben 1. november.

Les også: Desse søkte på stillinga som ny Podlen verkstad-sjef

Klikk for å sjå kommentarar ()

Her kan du fritt koma med synspunkt og informasjon. Me krev fullt navn. Då blir det meir interessant for andre å lesa det du skriv. Trakassering, truslar, hatske meldingar eller reklame er ikkje godteke på sunnhordland.no. Falske profiler blir utestengde. Ver sakleg og vis respekt når du kommenterer.

annonse

Vil du ha nyheitsbrev frå Sunnhordland?

* må fyllast ut