Sigbjørn Framnes kan notera seg ein fin start på valkvelden. Frp går mest fram når førehandsstemmene er talte.
Sigbjørn Framnes kan notera seg ein fin start på valkvelden. Frp går mest fram når førehandsstemmene er talte. Foto: test

Frp får stor framgang på Stord – Ap-ras på Bømlo

Partiet ligg svært godt an etter at dei første røystene er talt opp.

Klokka 21.00 kom den første prognosen, då førehandsrøystene blei gjort kjend. Der går Framstegspartiet fram heile 6,3 prosentpoeng samanlikna med valresultatet for fire år sidan.

Stord SV har største nedgang i denne prognosen, på heile 5,3 prosentpoeng.

Ap (-0,6), Frp (+6,3), Høgre (-0,4), Sp (+3,5), KrF (-0,8), SV (-5,3), Raudt (+3,6), Venstre (-0,3), MDG (+0,2).

I Bømlo er det Høgre som går mest fram. Ragnfrid Sønstabø kan notera ein framgang på 8,5 prosentpoeng. Arbeidarpartiet mistar heile 12,3 prosentpoeng på øya i vest.

Les også: Over 3.000 har røysta på Stord før valdagen

Sjå reaksjonar frå ordførarGaute Epland(Ap) her:

Sjå reaksjonar fråSigbjørn Framnes(Frp) her: