Hopp på sjøen: Ei jente i tenåra hoppa på sjøen i Leirvik sentrum natt til søndag. Foto: Kjetil Østrem

Full jente gjorde dette i sentrum

Var i tenåra.

Klokka 23.58 natt til søndag fekk politiet melding om ei jente i tenåra som hadde hoppa på sjøen i Leirvik sentrum.

– Jenta var veldig rusa, men skal ha komme seg opp frå sjøen ved eigen hjelp. Patruljen kopla henne opp mot nokre venninner, og fekk sendt henne heim med bil, opplyser vaktsjef Herman Emil Eileraas ved Haugesund politistasjon.