Politiet fekk fleire meldingar om fyrverkeri frå ein fest ved Ådlandsvatnet laurdag kveld. Men dette var godkjent av brannvesenet.
Politiet fekk fleire meldingar om fyrverkeri frå ein fest ved Ådlandsvatnet laurdag kveld. Men dette var godkjent av brannvesenet. Foto: MARIUS KNUTSEN/ARKIV

Fyrte opp fyrverkeri

Politiet fekk meldingar om fyrverkeri frå ungdomsfest. Men dette var godkjent av brannvesenet.

I 23-tida laurdag kveld fekk politiet fleire meldingar om fyrverkeri frå ein ungdomsfest ved Ådlandsvatnet.

– Men det viste seg at dette var bakkefyrverkeri, som var godkjent av brannvesenet, og ikkje ulovleg, seier vaktleiar André Skram Hansen i Sør Vest politidistrikt, Haugesund til Sunnhordland.

Klokka 02.30 var politiet igjen på den same festen, og då var det etter meldingar om høg musikk. Festen vart då avslutta.