Slik er planen at Borggata skal sjå ut i julemånadene.
Slik er planen at Borggata skal sjå ut i julemånadene. Foto: Borggata Futurum/Illustrasjon

Går saman om å pynta opp gata til jul

Aktørane i Borggata vil skapa julestemning for dei som ønskjer å handla lokalt og støtta lokalt næringsliv.

Difor har dei no gått til innkjøp av nye lys-girlandrar, som skal hengja frå Sparebanken Vest-bygget og opp til Bakeriet Frugård.

– Eg synest det er stas at me no verkeleg får pynta opp gata slik den og innbyggjarane fortener, seier sentrumsleiar Turid Østern Fadnes i ei pressemelding.

Initiativet kom frå Borggata Futurum, men det tok ikkje lange tida før alle dei andre gardeigarane kopla seg på og støtta investeringa.

– Dette er eit godt gammaldags spleiseprosjekt mellom gardeigarane. Eg må seia eg er imponert over den positiviteten og velviljen bidragsytarane har vist. Me kan få til mykje bra på Vikjo gjennom godt samarbeid, seier Åsa Eldøy, dagleg leiar i Borggata Futurum.

Les også: «Tause Britt» sjokkerer forbipasserande

I tillegg til nye lys, låner elles gardeigarane ut ledige lokale i november og desember.

– Me vil gjerne ha lys i lokala som er ledige også. Gardeigarane har difor stilt seg positive til å låna ut lokale til alt frå kunstnarar, dei som driv med brukskunst, og til dei som ønskjer seg ein popup-butikk av eit eller anna slag. Alle som er interesserte i ledige lokale i julemånadane kan ta kontakt, seier Eldøy.

Les også: Privat MR-klinikk vil inn i helseparken