Stord Sosialistisk Ungdom, med Tara Wiers Kvamme i spissen, meiner Stord er moden for sin eigen Pride-parade.
Stord Sosialistisk Ungdom, med Tara Wiers Kvamme i spissen, meiner Stord er moden for sin eigen Pride-parade. Foto: STORD SU

Går saman om homoparade i sentrum

Laurdag 15. september er det tid for Storapride 2018.

Det er Stord Sosialistisk Ungdom som har teke initiativet til Storapride, sterkt inspirert av Bygdepride som fann stad i Volda tidlegare i år. Arrangementet som Ørsta/Volda Pride stod bak vart ein kjempesuksess, og har gjort at ein vil forsøkja få til noko liknande på Stord.

– Me har snakka om det ei stund, og såg at Bygdepride vart så vellukka. Det er kjekt at dei mindre plassane arrangerer noko for ei så viktig sak, så me har lyst å få det til på Stord òg, seier Tara Wiers Kvamme, leiar for Stord SU.

#utavskapet: «Eg ville ikkje vera ein av dei»

Vil ha fleire med

Under Storapride vert det parade i den vante løypa som toget på 17. mai vanlegvis går i, før det vert «open dag» på Torget med ulike standar. Tema for dagen kjem til å vera «familie», som har vore tema på Pride over heile landet i 2018.

– Eg både trur og håpar på at Stord er moden for Pride, seier Wiers Kvamme.

Sidan Stord SU publiserte Facebook-arrangementet søndag kveld, har fleire organisasjonar slutta seg til arrangementet. I skrivande stund er Stord Press, Redd Barna, Stord SV og Stord AUF med.

– Me har veldig lyst til at fleire skal vera med, og er interesserte i å samarbeida med alle, seier Stord SU-leiaren.

#utavskapet: «Dei ekstreme miljøa treng å bli utfordra»

Har trua

Ho oppmodar fleire til å melda seg, og ser fram til Storapride 2018.

– Eg har tru på at det kjem til å bli veldig bra, og at det kjem mykje folk. Det ser sånn ut alt, seier Wiers Kvamme.

Artikkelen held fram under annonsen.

#utavskapet: «Dei fleste meinte det var på tide»