Statens Vegvesen på Vabakkjen.
Statens Vegvesen på Vabakkjen. Foto: HENRIK MUNDAL ANDREASSEN/ILLUSTRASJON

Gav fem køyretøy bruksforbod

51 køyretøy var innom kontrollplassen på Vabakkjen fredag.

Ni av køyretøya vart sett nærare på, noko som resulterte i tre skriftlege manglar for mellom anna feil ved ABS-bremsesystem og fartsskrivar.

Kontrolleiar Jo Kjetil Strand opplyser at det også vart gjeve fem bruksforbod, der det eine var for overlasta køyretøy, det andre for langt køyretøy og dei tre siste tilfella var for manglande lastesikring.

– Det vart pålagt eitt gebyr på kr 11.450 for overlasta køyretøy, melder Strand.

Éin turbuss unnlèt å stoppa for kontroll i dag.

Les også:Sjekka besetning for promille