Søndag er det svært kraftige vindkast frå vest, som potensielt kan stengja Stordabrua, som på dette biletet frå 2014.
Søndag er det svært kraftige vindkast frå vest, som potensielt kan stengja Stordabrua, som på dette biletet frå 2014. Foto: Henrik Mundal Andreassen

Gjer deg klar for årets første hauststorm

Ruskete helg i vente i Sunnhordland.

Det er sendt ut gult farevarsel for kraftig nedbør og sterk vind i helga.

– Me forventar 60 til 100 millimeter lokalt i Hordaland og Sogn og Fjordane. Me har varsla 25–30 m/s frå vest, det gjeld først og fremst første del av søndag. Når me får veldig kraftig pålandsvind, så vil nedbøren trekkja seg lenger inn i fjordane enn det som er vanleg, seier statsmeteorolog Geir Ottar Fagerlid tilYr.no.

Anne Solveig Andersen er vakthavande meteorolog hos Vêrvarslinga på Vestlandet når Sunnhordland tek kontakt i ettermiddag.

– Det er eit kraftig lågtrykk som vil prega helga. Det startar laurdag med vindauke frå sør. Då vil ein etter kvart få liten storm ute ved kysten, vil eg tru, seier ho.

Medan fronten passerer vil det bøtta ned med regn.

– Utover morgondagen vil vinden etter kvart dreia til vest eller sørvest. I denne perioden er det venta sterk kuling. Folk ute på kysten vil nok merka dette mest, forklarar Andersen.

Nedbøren går over til byevêr utover laurdagen, men det kan komma kraftig nedbør i periodar.

– Vinden held fram frå vest utover søndagen og minkar mot slutten av dagen, seier Andersen til Sunnhordland.

Den første høststormen er på vei! I løpet av lørdag vil den nærme seg#SørNorge og det vil bli kraftig vind fra vest 💨 Kysten på Vestlandet vil være mest utsatt, men det vil også bli vindfullt i fjellet og på kysten Østafjells 🌧️pic.twitter.com/O5sIIPzWuQ

— Meteorologene (@Meteorologene)September 13, 2019

Vi har sendt ut gult farevarsel på kraftige vindkast. Søndag er det ventet vindkast på 25 til 30 meter i sekundet fra en vestlig retning på#VestlandetsørforStad. Hold deg oppdatert påhttps://t.co/sb4X9aaujl⚠️pic.twitter.com/nvtHkfZO7d

— Meteorologene (@Meteorologene)September 13, 2019