Gjev ikkje opp: Advokat Kjell Petter Neset (t.h.) er ein av dei seks som har signert brevet til justisministeren. Her saman med politiadvokat Siri Ann Flindall i ei rettssak tidlegare i år. Foto: Kjetil Østrem

Gjev ikkje opp lokal tingrett

Politikarar og eit samla fagmiljø i Sunnhordland og Hardanger føler seg både overkøyrde og makteslause i kampen for å behalda tingretten lokalt. No tek dei kontakt med justisministeren.

Hardangerrådet, Samarbeidsrådet for Sunnhordland, Hardanger tingrett, Sunnhordland tingrett og advokatmiljøa i dei to regionane har tidlegare sendt felles brev om saka, og då vart Domstoladministrasjonen (DA) sitt forsøk på å etablera felles leiing mellom Haugaland tingrett og Sunnhordland tingrett før Domstolkommisjonens rapport låg føre mellombels stansa. Men likevel turar DA på som tidlegare, noko som får fagmiljøet og politikarar i begge regionane til å reagera.

– No er ein likevel gjort kjent med at DA har gått vidare med denne prosessen og held fast ved at det skal utnemnast felles sorenskrivar for Haugaland og Sunnhordland. Dette på trass av at det enno ikkje er teke noko avgjerd om eventuelle strukturendringar med verknad verken for Sunnhordland, Haugaland eller Hardanger tingrett, heiter det i brevet som no er sendt til justisminister Jøran Kallmyr (Frp).

Les også
Kraftige reaksjonar på nedlegging av tingretten

Her viser dei til at det er inngått ein intensjonsavtale mellom Hardanger og Sunnhordland tingrett om frivillig samanslåing, som vart gjort kjent for DA like etter, utan at intensjonsavtalen vart handsama av DA.

– Ved gjennomgang av kommisjonens rapport les me at det i same tidsrom vart inngått tre andre intensjonsavtalar. Dette gjeld avtalane mellom Jæren tingrett, Dalane tingrett, og Stavanger tingrett, mellom Øvre Romerike tingrett og Nedre Romerike tingrett, og mellom Fredrikstad tingrett, Halden tingrett, Moss tingrett og Sarpsborg tingrett. Slik me forstår det er alle desse greia ut og sendt ut på høyring, medan avtalen mellom Hardanger og Sunnhordland ikkje eingong er teken til handsaming.

Bak denne intensjonsavtalen står to samla regionar, som ser seg best tent med denne løysinga framføre dei alternativ kommisjonen har lansert. Før kommisjonens rapport vert teke opp til politisk behandling krev me at denne intensjonsavtalen vert greidd ut og sendt på høyring til liks med dei andre.

Vidare ber me ministeren nok ein gong stansa ordninga med felles leiing mellom Haugaland tingrett og Sunnhordland tingrett inntil strukturspørsmålet er endeleg politisk handsama.

Ein meiner vidare at DA ikkje har heimel for ei slik løysing. DA byggjer på domstolsloven §33c med tilhøyrande forskrift som heimel for å tilsetja felles domstolsleiar mellom dei to tingrettane. Vilkåret for ei slik ordning er at det ligg føre «særlege tilfelle» som grunngjev ei slik løysing. Slik ein ser det er det vanskeleg å sjå at dette vilkåret er oppfylt. Sunnhordland tingrett har ei velfungerande løysing med konstituert sorenskrivar og det er ingen kjente årsaker som skulle nødvendiggjera ei felles leiing på noverande tidspunkt. I den prosessen ein no er, men bakgrunn i den enno ikkje handsama intensjonsavtalen, forventar ein ei reell handsaming av denne før ein vel andre løysingar, skriv dei i brevet.

Les også
Glad for at samlokalisering kan bli ein realitet

Det vert og vist til at Hardanger og Sunnhordland allereie har eit godt fagleg samarbeid med etablerte personlege relasjonar. Regionane Sunnhordland og Hardanger har dessutan geografiske, kulturelle og historiske band som vil gje eit godt grunnlag for realisering av intensjonsavtalen.