GLATT: I dag er det vinterdekk som gjeld. Her frå Stordabrua på E39 i 08-tida. Foto: Statens vegvesen / webkamera

Glatte vegar i distriktet: – Ein skal vera skodd etter forholda

Fleire køyretøy involvert i uhell i Kvinnherad.

Vest politidistrikt minner tysdag morgon om at ein skal vera skodd etter forhold. Det skjer etter ei natt der snø og hagl har lagt seg over Sunnhordland.

– Om du fekk vår-kjensle i helga og sette sommardekk på bilen, bør du nok reisa kollektivt eller haika med naboen som framleis har vinterdekk. Og hugs at han/ho må kosta godt av bilen før de køyrer, skriv politiet på Twitter.

Klokka sju tysdag morgon blei det meldt om trafikkuhell mellom fleire bilar i Vikefjellsvegen ved krysset mot tiksveg 548/Opsanger.

Det skal ikkje vera personskade og trafikken går forbi.