Forvaltningsstyret var på luftetur i sentrum i samband med møtet sist torsdag.
Forvaltningsstyret var på luftetur i sentrum i samband med møtet sist torsdag. Foto: Steinar Hystad

Grønt lys til fem etasjar nybygg midt i Borggata

Forvaltningsstyret har endra syn på nybygg i Borggata.

Investor Kurt Arne Tyse sa i slutten av april at han vurderte å skrinleggja planane om nybygg på Eikelandstomta i Borggata. Bakgrunnen var at forvaltningsstyret ville utsetja saka til 6. juni, då utbyggjar Fronta hadde opna for å flytta bygget éin meter lengre fram og ut av Borggata.

– Me har no vore i lang dialog med administrasjonen. Det er ikkje aktuelt å byrja å sjå på arkitekturen ein gong til, saTyse til Sunnhordland.

Bakgrunn:Fronta vil byggja eit fem etasjes nybygg i Borggata

Men han gjorde det motsette, og det fekk dei folkevalte til å gi klarsignal for bygget. Forvaltningsstyret sitt vedtak var samrøystes.