Det har vore innbrot i ein kiosk i Fitjar sentrum. Illustrasjonsfoto: Henrik Mundal Andreassen

Forsøkte å bryta opp kassaapparat i kiosk

Politiet gjer åstadundersøkingar.

Onsdag formiddag melde Sørvest politidistrikt på Twitter at det hadde vore eit grovt innbrot i videokiosken på Fitjar.

– Me fekk melding like før klokka 10. Ein tilsett har meldt ifrå. Personen kom på jobb og ser at ei rute er knust. Det er truleg der gjerningspersonen eller -personane har komme seg inn, seier operasjonsleiar Jøran Solheim hos politiet i Sørvest til Sunnhordland.

Ein politipatrulje rykte ut til staden.

– Det er ikkje full oversikt om noko er teke frå kiosken, seier operasjonsleiaren.

Like før klokka 11 opplyser Solheim at politiet er på staden.

– Det er forsøkt å bryta opp kassaapparatet, utan hell. Politiet gjer åstadundersøkingar, seier han.

Politiet opprettar sak.