annonse

Hadde ikkje med seg førarkort

POLITIET
POLITIET: Kontrollerte sjåførar i Fitjar. (Foto: Marius Knutsen/Illustrasjon)

Tysdag morgon hadde politiet trafikkontroll med fokus på dokument.

Ingvild Siglen Berger

Kontrollen gjekk føre seg i Sandvikvågvegen i Fitjar.

Totalt 41 sjåførar vart kontrollerte, melder politiet i sørvest på Twitter.

Då dokumentkontrollen vart avslutta klokka 09.30, hadde tre personar fått gebyr for å ikkje ha med seg førarkort.

Ifølgje «Forskrift om gebyr for visse overtredelser av vegtrafikklovgivningen», er gebyret for å ha unnlate å ha med seg førarkort på 500 kroner.

Klikk for å sjå kommentarar ()

Her kan du fritt koma med synspunkt og informasjon. Me krev fullt navn. Då blir det meir interessant for andre å lesa det du skriv. Trakassering, truslar, hatske meldingar eller reklame er ikkje godteke på sunnhordland.no. Falske profiler blir utestengde. Ver sakleg og vis respekt når du kommenterer.

annonse

Vil du ha nyheitsbrev frå Sunnhordland?

* må fyllast ut