Mykje var øydelagd. - Heil unødvendig hærverk, seier Regionssjef på hurtigbåt, Bjørn Egil Søndenå.
Mykje var øydelagd. - Heil unødvendig hærverk, seier Regionssjef på hurtigbåt, Bjørn Egil Søndenå. Foto: NORLED

Hærverk på snøggbåten

Snøggbåt utsett for innbrot og omfattande hærverk natt til 1. juledag i Bergen.

Skadane er av såpass karakter at Sunnhordlandruta mellom Bergen og Leirvik på Stord er innstilt i dag, skrivNRK

MS «Admiralen» har natt til 1.juledag blitt utsett for innbrot og omfattande hæverk, medan den låg til kai i Bergen.

- Det er gjort skader på innreiinga. I kiosken er skuffer og skap brotne opp. Det er rett og slett kaos her, seier kaptein Nils Borge til NRK. 

Han forklarar at dei treng dagen til å få båten i stand igjen, og beklagar til dei reisande. 

Båten skulle ha avgang frå Bergen 12.45 og retur frå Leirvik 14.30. Ruta vart innstilt og passasjerar måtte finna alternativ sjølv. 

Det er uvisst kor mykje kontantar tjuven fekk med seg.
Det er uvisst kor mykje kontantar tjuven fekk med seg. Foto: Norled
Mykje var øydelagd. - Heil unødvendig hærverk, seier Regionssjef på hurtigbåt, Bjørn Egil Søndenå.
Mykje var øydelagd. - Heil unødvendig hærverk, seier Regionssjef på hurtigbåt, Bjørn Egil Søndenå. Foto: Norled
Kasseapparatet er brutt opp.
Kasseapparatet er brutt opp. Foto: NORLED

Svært skuffa

Regionssjef på hurtigbåt, Bjørn Egil Søndenå, er svært oppgitt når me ringer han måndag.

- No har me hatt så mange innbrot den siste tida, og me byrjar å bli veldig lei, fortel han. 

Julaftan var det innbrot på MS «Vingtor», også denne medan den låg til kai i Bergen. 

No vil dei sjå nærare på kva tiltak som kan setjast inn for å forhindra dette.

- Det er særleg synd fordi det går utover passasjerane våre, som jo belagar seg på at ruta går når den skal, fortel han vidare. Han seier at det diverre vart for kort varsel til å få på plass ein erstatningsbåt, spesielt sidan det er 1.juledag. 

Sjølv om båten vart innstilt fortel han at det er viktig for dei å få sikra båten før dei køyrer med passasjerar igjen, og at dei får sjekka at alt er i orden. I tillegg har politiet fått brukt den tida dei trengte til å sikra spor og gjera etterforskinga som trengst. 

- Me håpar at passasjerane forstår, og oppmodar elles alle til å kontakte politiet dersom dei ser mistenkeleg oppførsel, seier han. 

Passasjerane som skulle ta båten 12:45 har måtte vente til neste båt eller ordna andre transportalternativ sjølv. Rutene går som planlagd resten av dagen. 

Innbrot og hærverk

NRK melder at politiet at ein mann er plassert i arresten inntil vidare. Mannen er førebels sikta for tjuveri og innbrot, fortel jourhavande jurist Elisabeth Bru i politiet tilNRK

- Me stiller jo spørsmål ved kva gjerningspersonane eigentleg får ut av dette. Kva som eigentleg er hensikta? spør Søndenå seg. 

Kvifor det har blitt nok eit innbrot, veit han ikkje.

- Me har jo ein kiosk, så kanskje ein har prøvd å få med seg litt kioskvarer i tillegg til pengane, fortel han.

Han seier vidare at fartøya har lite kontantar ombord, og at det kanskje er i jakta på pengane at hæverket har kome til.

- Ein ser jo at mykje av dette berre er heilt unødvendig hærverk. Rett og slett litt faenskap, seier han tydeleg oppgitt. 

Det er uvisst kor mykje kontantar tjuven fekk med seg.