annonse

Han kan bli Høgre sin nye ordførarkandidat

Veteran
Veteran: Leif Sverre Enes ser ut til å bli ordførarkandidat for Høgre i Kvinnherad. (Foto: Anders Totland / arkiv)

Veteran kan ta over plassen etter Peder Sjo Slettebø.

Vidar Hope

Slettebø, som har vore ordførar i Kvinnherad sidan hausten 2015, kom i sist veke med sjokkmeldinga om at han ikkje ønskjer å vera Kvinnherad Høgre sin ordførarkandidat i kommunevalet i haust. Slettebø peika på krevjande saker i seinare tid, og at han har fått personleg kritikk for vurderingar og vedtak som er fatta.

Meiningar: «Eg trur Høgre kan ha godt av å gå i seg sjølv»

– Me skal samlast over helga og sjå kva me skal gjera vidare. Me må jo velja ny ordførarkandidat. I tillegg vil me få hjelp frå Vestland Høgre. Det er er jo ein uvant og uventa situasjon, dette, sa leiar Erlingur Nielsson i Kvinnherad Høgre til Sunnhordland sist fredag.

Onsdag kveld hadde styret i Kvinnherad Høgre møte. Dei samla seg samrøystes om Leif Sverre Enes som ny ordførarkandidat. Enes står på andreplass på Høgre si valliste i Kvinnherad.

– Dette er eit forslag frå styret som må leggjast fram på medlemsmøtet som vil bli halde torsdag 20. juni, i forkant av gruppemøtet før kommunestyremøtet, seier Erlingur Nielsson til avisa Kvinnheringen.

Sunnhordland på leiarplass: Eit stort tap for lokalpolitikken

Klikk for å sjå kommentarar ()

Her kan du fritt koma med synspunkt og informasjon. Me krev fullt navn. Då blir det meir interessant for andre å lesa det du skriv. Trakassering, truslar, hatske meldingar eller reklame er ikkje godteke på sunnhordland.no. Falske profiler blir utestengde. Ver sakleg og vis respekt når du kommenterer.

annonse

Vil du ha nyheitsbrev frå Sunnhordland?

* må fyllast ut