Det lysnar i nærskipsflåten, og no har Aasen Shipping i Mosterhamn bestilt to nye hybride Bulk carriers, eller såkalla sjølvlossarar. På biletet ser me eitt av skipa «aasfjord», som ligg til kai i Mosterhamn.
Det lysnar i nærskipsflåten, og no har Aasen Shipping i Mosterhamn bestilt to nye hybride Bulk carriers, eller såkalla sjølvlossarar. På biletet ser me eitt av skipa «aasfjord», som ligg til kai i Mosterhamn. Foto: Nils-Tore Sele/Arkiv

Har bestilt to nye skip

Aasen Shipping byggjer nytt og miljøvennleg i Nederland.

Aasen Shipping i Mosterhamn skal byggja to nye hybride sjølvlossarar i Nederland.

Dei to nye bulkfartøya er på 9.150 dødvekttonn kvar, skal byggjast ved Royal Bodewes, og leverast i 2021.

Aasen Shipping skriv i ei pressemelding at skipa får ein batteripakke om bord som vil redusere forbruket av drivstoff med 350 tonn pr. år. Det heiter også at sjølvlossarane med gravemaskin blir dei største i marknaden. Gravemaskinen skal også vera elektrisk, utsleppsfri og nærmast lydlaus.

– Fartøya vil bli dei mest miljøvennlege nokosinne bygde innan sitt segment, utstyrt med hybrid framdrift system. Og truleg dei aller første hybride bulk carriers. Fartøya blir 120 meter lange, og 15,80 meter breie. Hovudmotoren blir ein Wärtsilä 8L26 2600 kW. Batterikapasitet er på 339 kWh, heiter det i pressemeldinga.

Aasen Shipping er et familieeigd reiarlag med base i Mosterhamn. Det vart etablert av Hans Martin Torkelsen i 1981 og eig no seks bulk carriers.