Desse skipa er spesialtilpassa til konstruksjon og vedlikehald av vindmøller til havs. Og designen er gjort av Salt Ship Design på Stord.
Desse skipa er spesialtilpassa til konstruksjon og vedlikehald av vindmøller til havs. Og designen er gjort av Salt Ship Design på Stord. Foto: SALT SHIP DESIGN/ILLUSTRASJON

Har designa vindkraft-skip

Østensjø Rederi vel Stord-selskapet Salt Ship Design til sine nyaste fartøy.

I ei pressemelding frå det Haugesund-baserte reiarlaget heiter det at dei har inngått ein intensjonsavtale om å byggja fire fartøy, som er førebudd for nullutslepp. Skipa er designa av Salt Ship Design på Stord, i tett samarbeid med Østensjø. Skipa er tilpassa spesielt for operasjonar knytt til konstruksjon og vedlikehald av offshore vindparkar, og skal verta levert frå 2022 og utover. Dei skal byggjast på Astilleros Gondan-verftet i Spania.

Lengda på skipa er 88,3 meter, og vil ha plass til totalt 120 personar. Dei vil verta brukt som moderskip for turbinteknikarar som skal utføra utrusting og vedlikehaldsoppdrag på offshore vindturbinar.

– Nybyggingsprogrammet er veldig spennande for Østensjø Rederi. Det er venta ein betydeleg vekst innan offshore vindmarknad dei neste tiåra, og me meiner desse skipa vil verta det optimale og føretrekte verktøyet for våre klientar. Østensjø Rederi har arbeidd i offshore vind sidan 2016, og med leveringa av våre to første spesialbygde Service Operations Vessels (SOV) i 2018 etablerte me oss som ein viktig aktør i marknaden. I tillegg til våre eksisterande fartøy, der to er på lange kontraktar med Ørsted, vil nybygga ytterlegare styrkja vår posisjon innan offshore vind, seier Kenneth Walland, administrerande direktør i Østensjø Rederi.

Les også: Lokal skipsdesigner samarbeider med våpenleverandør