Følgjer med: Randi Ofstad, smittevernoverlege i Helse Fonna, fortel at dei følgjer nøye med om koronaviruset kjem til Norge. Då har dei ein plan for å unngå smitte og sørgja for god behandling. Foto: Eirik Dankel/Helse Fonna

Har ein plan om det kjem pasientar med koronavirus

Koronaviruset er ikkje påvist i Norge, men Helse Fonna er førebudd på at det kan komma.

– Me følgjer situasjonen og har planlagt korleis me skal handtera det viss me får inn pasientar med mistanke om eller påvist smitte. Me har også kontakt med legane i kommunane for å sikra eit godt samarbeid i ein slik situasjon. Det seier smittevernoverlege i Helse Fonna Randi Ofstad til sjukehuset si nettside.

Eit tidlegare ukjend koronavirus har forårsaka eit pågåande utbrot av luftvegsinfeksjon. Utbrotet starta i storbyen Wuhan i Hubei-provinsen i Kina desember 2019, og viruset vart identifisert av kinesiske helsemyndigheiter 7. januar 2020.

Viruset er ikkje påvist i Norge, men Folkehelseinstituttet følgjer situasjonen tett. Helse Fonna skriv at dei er førebudd på at det kan komma.

– I ein slik situasjon vil me i Helse Fonna ha to viktige oppgåver: Å sørgja for god behandling og pleie til den enkelte pasient, og hindra smittespreiing, seier Ofstad.

Smittevernoverlegen seier det er viktig å ta situasjonen på alvor, men ikkje skapa unødig frykt og uro. Det viktigaste du som innbyggjar kan gjera, er å ha god handhygiene.

Les også
Kvar fjerde bedrift blir ramma av coronavirus