Bergens Tidende melder at Midtfjellet Vindkraft AS har fått nye utanlandske fond som eigarar.
Bergens Tidende melder at Midtfjellet Vindkraft AS har fått nye utanlandske fond som eigarar. Foto: HENRIK MUNDAL ANDREASSEN/ILLUSTRASJON

Har fått nye eigarar

Midtfjellet Vindkraft AS har fått nye utanlandske fond som eigarar.

Det erBergens Tidende som skriv at tre utanlandske investeringsfond har teke over den formelle eigarskapen til vindkraftverket.

Tesla Wind Holding har no 59,41 prosent av aksjane. Nika Renewables Holding har 11,33 prosent, medan Tesseract Holdings Limited har 25,92 prosent.

Dei to førstnemnde er heimehøyrande i Luxembourg, og Tesseract høyrer til i London.

Fitjar Kraftlag SA sin eigarpost er framleis på 3,35 prosent.

Les også:Aquila Capital eig no 97 prosent av Midtfjellet Vindkraft

Det tyske investeringsselskapet Aquila Capital er hovudeigar i Midtfjellet Vindkraft AS, og Bernhard Gierke, direktør i Aquila Capital, seier til BT at transaksjonen ikkje får store konsekvensar for vindkraftverket.

– Fonda som no har overteke eigarskapen, vert alle forvalta av Aquila, seier Gierke.

Han held fram som styreleiar for vindkraftverket på vegner av dei nye eigarane.

– Me siktar mot å auka vår fornybarportefølje i Norden, og særleg i Norge. Det er viktig for oss å samarbeida godt med dei lokalsamfunna der me er involvert. Me er stolte over resultata som er oppnådd i Fitjar, seier Gierke til BT.

Les også:Eigarane tok ut over 300 mill. i utbyte