UNG KVINNE OMKOM: Politiet har frigjeve namnet etter dødsulukka ved Matre i Kvinnherad på måndag. Foto: Jarle Håvik

Har frigjeve namnet

Politiet opplyser kven som omkom i mopedulukka i Kvinnherad.

Måndag kveld var det ei ulukke mellom ein scooter og ein bil på fylkesveg 5024 ved Matre i Kvinnherad. To unge kvinner var involverte i ulukka, der scooterføraren mista livet.

Politiet har no frigjeve namnet. Det var Emma Weberg Kaldestad (18) som omkom, melder Kvinnherad politistasjon til lokalavisa Grenda.

Les også
Prega etter at 18-åring omkom i ulukke