Omkom: Politiet har frigjeve namnet på mannen som omkom i ulukka på Stordabrua torsdag morgon. Om kvelden på ulukkesdagen hadde kollegaene i O.Kjelsnes minnemarkering på brua. Foto: Henrik Mundal Andreassen/Privat

Trebarnsfaren Michail (43) mista livet på brua

Det var Michail Blazevic (43) som mista livet i ulukka på Stordabrua torsdag i førre veke.

Det opplyser Sørvest politidistrikt i ei pressemelding tysdag.

Namn og bilete er frigjeve i samråd med dei etterlatne.

Blazevic var opphavleg frå Litauen, men hadde bustadadresse i Mosterhamn. Han ville fylt 44 år denne veka.

Han lèt etter seg kone og tre born, stadfestar politiet.

Det var torsdag morgon den tragiske ulukka skjedde, då deler av eit vogntog losna og trefte varebilen Blazevic og ein kollega sat i. Kollegaen kom frå hendinga utan fysiske skadar.

Les også
Her minnast dei kollegaen sin
Les også
Ni meter lang ståldel trefte varebilen