Har funne over 50 nærkontaktar til smitta

Kommunen har identifisert 56 nærkontaktar etter at ein koronasmitta gjekk på treningssenter på Bømlo.

I ei pressemelding onsdag ettermiddag skriv Bømlo kommune at smittesporingsteamet har funne 56 nærkontaktar knytt til smittetilfellet det vart opplyst om onsdag.

Tidlegare i dag blei det kjent at ein person på Bømlo som fekk påvist covid-19 sist helg, hadde trassa innreisekarantenen og gått på treningssenter.

«Alle dei 56 nærkontaktane som er funne og registrert av smittesporingsteamet, har no fått beskjed om å gå i karantene», skriv kommunen.

Les også
Trassa innreisekarantene og gjekk på treningssenter: – Situasjonen er uavklart

Nærkontaktane har blitt testa i tre puljar. Fire testar, tekne på tysdag, har det alt komme svar på og det er ikkje påvist smitte i desse testane.

«Me vil koma tilbake med meir informasjon så snart fleire prøvesvar ligg føre», opplyser kommunedirektør Kjetil Aga Gjøsæter i pressemeldinga.

Han minner om at det framleis er viktig at ein følgjer smittevernråda og avgrensar sosial kontakt.

«Bestill deg ein test snarleg om du har symptom på covid-19», oppmodar kommunedirektøren.

Les også
Smittevernlegen: – Bekymrar at det har gått så lang tid