Ein mann i 30-åra blei funnen død i heimen sin natt til torsdag 19. september. Politiet fekk bistand av krimteknikarar.
Ein mann i 30-åra blei funnen død i heimen sin natt til torsdag 19. september. Politiet fekk bistand av krimteknikarar. Foto: Olav Røli

Har ikkje skjedd noko straffbart

Den mellombelse obduksjonsrapporten er klar.

Politiet konkluderer med at det ikkje skjedde noko straffbart på Ås natt til torsdag 19. september. Politiet fekk melding i eitt-tida same natta om funn av ein død mann i ein leilegheit på Ås ved Leirvik sentrum.

«Rapporten tilseier ikkje at det er skjedd noko straffbart. Hendinga framstår som ein tragedie for familien, og politiet ønskjer ikkje å gå nærmare inn på dødsårsaka», skriv kommunikasjonsrådgjevar Hilde Urdal Fløysvik i Sørvest politidistrikt i ei pressemelding.

Politiet offentliggjer dette i samråd med dei pårørande.

Les også: Trappar ned på etterforskinga