I formiddag blei farenivået justert opp til oransje nivå.
I formiddag blei farenivået justert opp til oransje nivå. Foto: Thomas André Hjelmen / arkiv

Har justert opp brannfaren til oransje nivå

Men seint i kveld er det håp om eit skikkeleg regnskyll.

Faren for skog-, gras- og lyngbrann på Vestlandet og Trøndelag har auka. No er farenivået justert opp til oransje nivå.

Som Sunnhordland melde tysdag er det venta kraftig regnskyll seint i kveld eller natt til torsdag. Det vil hjelpa på, ifølgje meteorolog Magni Svanevik hos Meteorologisk institutt. Det er også meldt variert vêr gjennom helga, med regnbyer innimellom.

– Me likar finvêr, men har ikkje noko imot regn no. Det skal bli godt å få ei bløyte, saLeif Rune Vad i Stord brann og redning i går.

Sunnhordland på leiarplass:Ver forsiktig med elden

Vad fortel om lokale variasjonar.

– Det er stor skilnad på Kvelve og Landåsen. Oppe i fjellet er det ikkje lenge sidan snøen smelta vekk, medan nede i låglandet er det svært tørt. Særleg i skogsområde der det nett har vore hogst, som i Landåsen, seier han.

Det er lokalt stor skog-, gress- og lyngbrannfare i områder uten snødekke inntil det kommer nedbør av betydning. Det er stor brannfare, oransje nivå, for#Østlandet,#Vestlandet og#Trøndelag. Moderat brannfare, gult nivå, i#Agder og på#Helgeland.pic.twitter.com/fDueRqOHx1

— Meteorologene (@Meteorologene)24. april 2019