annonse

Harald (84) er kvikk på sin 50-kubikk

FARGEKLATT
FARGEKLATT: Med raud moped, blå jakke og raud hjelm lyste mopedisten opp som ein refleks i sommarsola i Leirvik. (Foto: HENRIK MUNDAL ANDREASSEN)
SPREKING
SPREKING: Harald Høl (84) kjøpte Yamahaen i Sogndal tilbake i 1984. (Foto: HENRIK MUNDAL ANDREASSEN)
VINTAGE
VINTAGE: Yamaha Salient (også kjend som Riva 50) er ein klassikar av ein moped. (Foto: HENRIK MUNDAL ANDREASSEN)
Yamaha Salient 50/Riva 50 (CA50)

Harald Høl har ein elektrisk moped ståande heime, men føretrekk heller bensinmopeden frå 1984.

Henrik Mundal Andreassen

Mopedisten lyser opp i Leirvik der han kjem durande bortover på sin knallraude Yamaha Salient. Ein skulle ikkje tru det, men mopedisten i blå jakke og raud hjelm er 84 år gammal, og mopeden er 35 år.

– Eg har ein elektrisk moped også, men den dreg dårleg frå seg, seier Harald Høl, og strammar hjelmstroppen.

– Hjelmen kjøpte eg på Maskinhjørnet for mange år sidan, held han fram.

Frisk og rask

– Korleis er det å køyra moped som 84-åring då?

– Eg er like frisk, eg. Har slite litt med astma, men det hjelper at klimaet er tørt og fint der eg bur, heime i Thailand.

– Du bur i Thailand?

– Ja, eg har hus både der, og her i Nedre Hageby på Stord. No skal eg snart heim att til Thailand. Tre månader har eg vore heime på Stord. Eg har kone, bil og hus i Thailand, seier han.

Det store trikset

For dei som lurer på kva løyndommen er bak å halda mopeden sin i tipp topp stand i 35 år, så har 84-åringen følgjande tips til Sunnhordland sine lesarar;

– Eg har hatt mopeden inne i huset heile tida, det er difor han held seg så bra. Eg har også passa på å gje han godt med olje. Service har eg også gjort sjølv, seier Harald Høl.

Klikk for å sjå kommentarar ()

Her kan du fritt koma med synspunkt og informasjon. Me krev fullt navn. Då blir det meir interessant for andre å lesa det du skriv. Trakassering, truslar, hatske meldingar eller reklame er ikkje godteke på sunnhordland.no. Falske profiler blir utestengde. Ver sakleg og vis respekt når du kommenterer.

annonse

Vil du ha nyheitsbrev frå Sunnhordland?

* må fyllast ut