Med raud moped, blå jakke og raud hjelm lyste mopedisten opp som ein refleks i sommarsola i Leirvik.
Med raud moped, blå jakke og raud hjelm lyste mopedisten opp som ein refleks i sommarsola i Leirvik. Foto: Henrik Mundal Andreassen

Harald (84) er kvikk på sin 50-kubikk

Harald Høl har ein elektrisk moped ståande heime, men føretrekk heller bensinmopeden frå 1984.

Mopedisten lyser opp i Leirvik der han kjem durande bortover på sin knallraude Yamaha Salient. Ein skulle ikkje tru det, men mopedisten i blå jakke og raud hjelm er 84 år gammal, og mopeden er 35 år.

– Eg har ein elektrisk moped også, men den dreg dårleg frå seg, seier Harald Høl, og strammar hjelmstroppen.

– Hjelmen kjøpte eg på Maskinhjørnet for mange år sidan, held han fram.

Frisk og rask

– Korleis er det å køyra moped som 84-åring då?

– Eg er like frisk, eg. Har slite litt med astma, men det hjelper at klimaet er tørt og fint der eg bur, heime i Thailand.

Harald Høl (84) kjøpte Yamahaen i Sogndal tilbake i 1984.
Harald Høl (84) kjøpte Yamahaen i Sogndal tilbake i 1984. Foto: Henrik Mundal Andreassen
Yamaha Salient (også kjend som Riva 50) er ein klassikar av ein moped.
Yamaha Salient (også kjend som Riva 50) er ein klassikar av ein moped. Foto: Henrik Mundal Andreassen

– Du bur i Thailand?

– Ja, eg har hus både der, og her i Nedre Hageby på Stord. No skal eg snart heim att til Thailand. Tre månader har eg vore heime på Stord. Eg har kone, bil og hus i Thailand, seier han.

Det store trikset

For dei som lurer på kva løyndommen er bak å halda mopeden sin i tipp topp stand i 35 år, så har 84-åringen følgjande tips til Sunnhordland sine lesarar;

– Eg har hatt mopeden inne i huset heile tida, det er difor han held seg så bra. Eg har også passa på å gje han godt med olje. Service har eg også gjort sjølv, seier Harald Høl.

- Yamaha CA50 kom i 1982 og vart merka som anten «Salient» eller «Riva 50». Scooteren vart seld fram til 1986, og etterfølgd av Yamaha «Razz» og Yamaha «Jog» over.

- Nypris: 659 amerikanske dollar i 1984 (tilsvarande 14.000 kr i dag)

- Motor: 50 kubikk (2-takt)

- Startsystem: elektrisk og kickstart

- Yting: 3,6 hestekrefter

- Bensintank: 3.8 liter

- Vekt: 55 kg

Kjelde: Motorscooterguide.net.