Harry Herstad døydde etter kort tids sjukeleie. Han vart sist fredag innlagt på sjukehus etter eit illebefinnande. Harry døydde med den næraste familien rundt seg.
Harry Herstad døydde etter kort tids sjukeleie. Han vart sist fredag innlagt på sjukehus etter eit illebefinnande. Harry døydde med den næraste familien rundt seg. Foto: Marius Knutsen

Harry Herstad er død

Sovna inn med den næraste familien rundt seg etter kort tids sjukeleie.

– Det er med stor sorg at me melder at ordførar Harry Herstad gjekk bort rundt klokka 12 i dag, tysdag 2. mai, skriv Stord kommune på sine nettsider. 

Meldinga blei lagt ut på Stord kommune sine nettsider tysdag ettermiddag.

Harry Herstad døydde etter kort tids sjukeleie. Han vart sist fredag vart innlagt på sjukehus etter eit illebefinnande. Harry døydde med den næraste familien rundt seg.

– Våre tankar går til familien. Familien ber om ro og ønskjer ikkje å kommentera Harry sin bortgang, skriv kommunen.

Alle politiske møte i Stord kommune denne veka vert avlyste.

Kommunen markerer ordføraren sin bortgang.
Kommunen markerer ordføraren sin bortgang. Foto: Vidar Hope

– Tankane går til familien

– Det er med stor sorg at me har motteke bodskapen om at Harry Herstad gjekk bort i dag. Me har mista ein inspirerande politisk leiar og ein varm og god ven. Våre tankar går i dag først og fremst til Torun og familien, skriv leiar for Stord Ap, Henny Førland Berger, til Sunnhordland i ei tekstmelding.

– Ufatteleg trist

Rådmann Magnus Mjør fekk også meldinga om bortfallet til ordføraren tysdag.

– Dette er ufatteleg trist. Rett og slett. Eg har snakka med familien, og våre tankar går først og fremst til dei nett no, seier Mjør til Sunnhordland.

– Greier ikkje å forstå det

– Dette er utruleg trist. Det er heilt uverkeleg. Eg greier ikkje å forstå det, seier Fitjar-ordførar Wenche Tislevoll.

Tislevoll har jobba saman med Herstad i ei årrekkje. Ho var også tilstades under møtet i representantskapet i SIM i Fitjar, fredag føremiddag. Då fekk Herstad eit illebefinnande, og vart frakta til sjukehus.

Artikkelen held fram under annonsen.

– Me såg at det var alvorleg. Men det var ingen som tenkte tanken på at det kunne enda slik, seier Tislevoll og held fram:

– Dette er eit stort tap. Tankane går aller mest til kona og familien. Dei har mista ein mann, ein far og ein bestefar. Me har mista ein veldig god kollega. Dette er eit stort tap for det politiske i Stord kommune og for regionen Sunnhordland. Det er berre trist.

- Fødd 12. august 1946).

- Lokalpolitikar som representerer Arbeiderpartiet. Han var ordførar i Stord kommune frå 2015. Frå 2011-2015 var han gruppeleiar for Arbeiderpartiet.

- Herstad har hatt ei rekkje leiarstillingar i det offentlege og i næringslivet. Han var medlem av styrene for KS Hordaland og i Helse Fonna.

- Herstad var utdanna i administrasjon ved Universitetet i Bergen (1976). Han har vore informasjons- og organisasjonssjef i Nordland fylkeskommune, organisasjonssjef i Rogaland fylkeskommune, rådmann i Stord kommune, fylkesrådmann i Hordaland, direktør i Sunnhordland kraftlag, direktør i Sportsklubben Brann og rådmann i Fitjar kommune.

- Mellom 2003 og 2007 var Herstad dekan ved Høgskolen Stord/Haugesund. Fra 2007 var han seniorrådgjevar same stad.

Kjelde: Wikipedia