Sjukehussjef Eivind Hansen konstaterer at tiltaks mot spreiinga av koronasmitte verkar. Ein prognose viser at Haukeland ikkje kjem til å få fleire enn 200 innlagde koronapasientar. Sjukehuset har kapasitet til dobbelt så mange. Foto: Marit Hommedal / NTB scanpix

Helse Bergen ventar koronatopp i sommar

Ein prognose for utviklinga av koronaviruset viser at Haukeland maksimalt får 200 innlagde pasientar, og toppen blir venta i månadsskiftet juli – august.

Prognosen føreset at samfunnet held stengt som i dag, skriv Bergens Tidende.

Med framleis stengde skular, barnehagar, bedrifter, heimekontor og karantenereglar vil talet på innlagde med covid-19 aldri overstige 200 pasientar. Haukeland har kapasitet til meir enn dobbelt så mange, skriv avisa.

– Eg konstaterer at dei tiltaka som er sette i verk, ser ut til å ha effekt, seier administrerande direktør Eivind Hansen.

Prognosen er utarbeidd av Helse Bergen, Helse vest IKT og Stavanger universitetssjukehus og blir omtalt som eit supplement til Folkehelseinstituttets framskrivingar.

(©NPK)