Sjukehus: I Helse Fonna får no seks pasientar behandling for Covid-19, alle på Haugesund sjukehus. Per dags dato er dermed ingen koronasmitta innlagde på Stord sjukehus (biletet). Illustrasjonsfoto: Kristine Brandsdal Barane

Helse Fonna: Koronapasient utskriven frå Haugesund sjukehus

Talet på innlagde pasientar med påvist koronasmitte i Helse Fonna er no nede i seks.

Søndag opplyser Helse Fonna at alle dei seks pasientane ligg på Haugesund sjukehus. Dette er éin person mindre enn laurdag. To av dei innlagde, ein vaksen (definerer gruppa mellom 18-64 år) og ein eldre (65+), får intensivbehandling.

Per i dag er det ingen koronapasientar innlagde på Stord eller Odda sjukehus.

Talet på personar med påvist koronasmitte i Stord (5), Fitjar (6) og Bømlo (4) er førebels uendra frå i går.

Les også
Sjukehusa på Vestlandet skal bruka videokonsultasjonar