Sjukehus: I Helse Fonna får no tre koronapasientar intensivbehandling i Haugesund. Illustrasjonsfoto: Kristine Brandsdal Barane

Helse Fonna: Tre får intensivbehandling på sjukehus

Talet på innlagde med koronasmitte ved Haugesund sjukehus er no nede i fire, medan talet på pasientar som får intensivbehandling har gått opp.

I den nyaste oppdateringa frå helseføretaket den 7. april, går det fram at fire pasientar med påvist Covid-19 ligg på Haugesund sjukehus. Av desse får tre pasientar no intensivbehandling. Dette er to vaksne (definerast som aldersgruppa 18-64 år) og ein eldre (65 år +).

Per i dag er ingen koronapasientar innlagde ved Stord og Odda sjukehus.

Helse Fonna opplyser at dei no har 26 medarbeidarar i koronarelatert fråvær/karantene, av totalt ca. 4.000 medarbeidarar.

Måndag var totalt 239 personar testa ved koronalegevakta i Sagvåg, opplyser Stord kommune. Mellom desse er også nokre personar frå Fitjar og Bømlo. I skrivande stund er smittetala i dei tre kommunane fem med påvist korona i Stord, fire i Bømlo og sju i Fitjar.

Les også
Står med fram med historia si