Helse Fonna var nesten tomme for smittevernutstyr - no er lageret fylt opp
Då koronapandemien braut ut var det ikkje mykje om å gjera før Helse Fonna gjekk tomme for smittevernutstyr. Men no er dei førebudd dersom ei ny bølgje skulle bryta ut.
– Her er meir enn nok. Me byrjar å få dårleg plass, seier seksjonsleiar Geir Charles Grindheim i Helse Fonna i ei pressemelding.
Beredskapslageret på 500 kvadratmeter inneheld munnbind, hanskar, frakkar, visir og Antibac.
Sju millionar kroner
– Verdien på utstyret anslår eg til rundt sju millionar kroner, seier Grindheim, og legg til at det er med utgangspunkt i avtaleprisar.
Grindheim fortel at det i starten var kritisk når det gjaldt enkelte artiklar.
– Då var det jobbing 24/7 for å sikra at me fekk nok utstyr. Då måtte eg bruka heile nettverket mitt, og vel så det, seier seksjonsleiaren.
– Hadde me fått italienske eller spanske tilstandar her i Norge, ville me hatt for lite smittevernutstyr. Marginane var små, fortel Leif Terje Alvestad, direktør for internservice i Helse Fonna.
– Ekstrem mangel
I pressemeldinga skriv Helse Fonna at mangelen på smittevernutstyr var ekstrem tidlegare i år. Innkjøpsprisen på eitt enkelt visir for Helse Fonna er 14,50 kroner. I den mest hektiske fasen fekk Grindheim & Co «tilbod» om visir til 276 kroner per stykk. Det var på ei tid der heile verda hadde mangel på det same utstyret, opplyser Magne Kydland, kommunikasjonssjef i Helse Fonna.
No kjem det inn 30-40 pallar per veke frå nasjonalt beredskapslager på Gardermoen.
– Snart har ikkje Helse Fonna kapasitet til å ta imot meir, opplyser Kydland, og legg til at Helse Vest snart kan lagra utstyret i Bergen på grunn av ein avtale Helse Vest held på å inngå.