OPPDATERING: Fitjar kommune kjem no med oppdatert koronainformasjon. Foto: Illustrasjonsfoto/Ingvild Siglen Berger

Helsetilsette som har vore i utlandet, må halda seg heime i 10 dagar

Tysdag ettermiddag kom det ei pressemelding med oppdatert koronainformasjon frå Fitjar kommune.

– Det har oppstått fleire lokale smitteutbrot av koronavirus i Norge, som følgje av meir reiseverksemd og ferieavvikling. Nokre av desse har skjedd grunna reiser frå utlandet til Norge. Fitjar kommune følgjer nasjonale retningslinjer generelt, men Fitjar kommune innfører sterkare restriksjonar i helsesektoren frå dags dato, står det i pressemeldinga.

Vil verna sårbare grupper

Fitjar kommune har i hht. Smittevernloven §4 følgjande førebyggjande tiltak for å verna om dei mest sårbare i samfunnet, som bur i helseinstitusjon og i omsorgsbustadar.

– Tilsette i helsesektoren i Fitjar kommune vert pålagt å ikkje møta på jobb i løpet av 10 dagar etter ankomst dersom dei har hatt opphald utanlands, uavhengig av land.

Les også
Auka pågang ved koronasentralen – testar 100 stordabuar i veka

– Det er besøksforbod til kommunale helseinstitusjonar i 10 dagar etter ankomst dersom besøkjande har hatt opphald i utlandet, uavhengig av land, og me rår til at det same vert praktisert for omsorgsbustadar i Fitjar.

Endringar i dette påbodet vert fortløpande vurdert, heiter det vidare.

Utvida tid for testing på Fitjar og Stord

Stord kommune skriv på sine heimesider at koronasentralen no utvidar opningstidene sine. Dei har no mellombels opent frå 08.30 til 15.00 frå veke 32.

«Folk med akutt luftvegsinfeksjon må venda seg til fastlege eller legevakt som rådfører seg med kommunal koronasentral på telefon 53 49 66 66. Utanom opningstidene, helgedagar og laurdag/søndag vert telefonen ruta til legevakta 116 117 som kan hjelpa til med rådgjeving», skriv dei på sidene.

Auke i opningstidene skuldast pågang av trong for vurdering og testing for folk med akutte luftvegsplagar. Det er ulike virus som sirkulerer og dette vil truleg auka på ettersom folk kjem att frå ferie og den ordinære kvardagen tek til, skriv dei vidare.

Like viktig no, som før

Nasjonale smittevernstandardar vert nytta i alle barnehagar og skular. Informasjon vert gjeve til alle heimar om oppstart. I pressemeldinga er dei tydlege på at innbyggjarane må fortsetja å følgja dei generelle smitteverntiltaka.

Viktige punkt:

Artikkelen held fram under annonsen.

– Handvask, spritvask

– Avstand på minimum ein meter mellom folk

– Private samkommer: Maks 20 personar

«Dette er svært lett å gløyma ved besøk av butikkar og på offentlege stadar, men det er like viktig no som tidlegare i år. Berre slik kan me hindra at det skjer nye utbrot i kommunen», heiter det i pressemeldinga frå Fitjar kommune.