Velta: Hengjaren på ein liten varebil velta på Bømlabrua tysdag. Foto: Tipsar

Hengjar velta på Bømlabrua

Kraftig vind i området.

Klokka 12.29 tysdag kom meldinga om at hengjaren på ein liten varebil hadde velta på Bømlabrua.

– Ingen fare for at køyretøyet skal hamna utanfor autovernet. Ingen last har falle ut. Tilsynelatande ingen personskade, skriv Sør-Vest politidistrikt på Twitter.

Politiet og bilbergar kom til staden, og vegen var ei stund sperra før eitt felt vart opna for passerande trafikk omkring klokka 12.50.

Nesten ein time seinare, klokka 13.42, vart vegen opna for normal trafikk.

Ifølgje politiet vert det meldt om 21 m/s vind på staden.