POLITI: Tysdag kveld rykte politiet ut til ei adresse på Stord etter meldingar om høglydt krangel. Illustrasjonsfoto: Henrik Mundal Andreassen

Høglydt krangel i nabolag

Politiet køyrde ut for å roa gemytta.

Tysdag kveld rykte Stord lensmannskontor ut til ei adresse på Stord etter meldingar om høglydt krangel.

– Politiet kom til staden og prøvde og mekla mellom partane. Vedkommande som lagde mest sjau fekk ikkje patruljen kontakt med, seier vaktsjef Gunnar Sande ved politistasjonen i Haugesund.

Politiet kjem sannsynlegvis til å ta kontakt med partane på eit seinare tidspunkt for å få avklart situasjonen, slik at det ikkje blir noko bråk i nabolaget igjen.

Les også
Endå meir råning på Stord