OBS!: Frosen snøklump bak framhjulet kan medføra at ein mistar styringa. Gjer det til vane å fjerna snø når du stoppar bilen. Foto: Privat

– Hugs å fjerna snøklumpen

Lesar kjem her med svært nyttig tips til sjåførar etter køyretur på snøføret:

– Kvar gong ein stoppar bilar etter køyring, må ein fjerna snø-/isklumpen som dannar seg på skvettlappen eller «veggen» bak framhjula. Om ikkje dette blir gjort jamt og trutt, er det fare for at ein mistar styringa. Det skjedde meg ein gong, og det var ei helst fæl oppleving, seier tipsaren.