Medan dei fleste kommunane har fått talt opp førehandsstemmene, er det framleis teljing for harde livet i Fitjar. Valansvarleg Bente Fitjar seier til Sunnhordland at det nærmar seg eit førebels resultat også for Fitjar når me tek kontakt klokka 21.20.

– Me er i ferd med å registrera det i systemet, seier ho.