Arbeidarpartiet går tilbake heile 9,2 prosentpoeng i Sveio kommune. Ordførar Linn Therese Erve (Ap) erkjenner nederlaget.

– Høgre har gjort ein god valkamp og fått eit godt resultat. Det er berre å gratulera dei, seier ho til avisa Vestavind.

Forhandlingsleiarar i KrF, Høgre, FrP og Sp har signert intensjonsavtale om å styra saman i komande kommunestyre. – Me ser fram til endring i politikken, seier Ole Velde, forhandlingsleiar for Sp, til Vestavind.