Like før klokka 14.00 tysdag er det førebels ikkje noko nytt når det gjeld drøftingar i Fitjar. Det melder både sitjande ordførar Harald Rydland (KrF) og Høgre sin ordførarkandidat Wenche Tislevoll.

– Mange ventar nok på å sjå kva personar som kjem inn i kommunestyret, skriv Rydland i ein sms til Sunnhordland.

Ifølgje Tislevoll blir seint innkomne røyster talde klokka 17.00.

– Det er jamt og desse kan endra mandatfordelinga til dei som har svake mandat, skriv ho i ein sms.