Foto: Tuva Åserud

Her får Tjerand (4) medalje

Fredag ettermiddag arrangerte Sagvåg Maritime FUS barnehage «Banevegenløpet» i samband med feiringa av barnehagedagen. Tjerand Lunde (4) var ein av deltakarane.

Foto: Tuva Åserud

Ordførar i Stord kommune, Sigbjørn Framnes (Frp), har fått ei barnesaks til å opna bana med. På første forsøket skjedde ingenting.

– Dette frykta eg, seier Framnes og ler, før han endeleg får klipt bandet.

Foto: Tuva Åserud

Ein av dei tilsette har kledd seg ut for anledninga.

– Ein merkar at dette er gøy for barna, men òg for oss vaksne, seier Mariann Steinsland, dagleg leiar i Sagvåg Maritime FUS barnehage.

Foto: Tuva Åserud

Trass i det våte vêret ser det ut til at barna kosar seg.

Tema for årets barnehagedag er «staden vår».

– Me trekkjer mykje ned hit, så dette er staden vår, seier Steinsland.

Foto: Tuva Åserud

Frå ein høgtalar kan ein høyra «Badebussen» av Kjartan Lauritzen.

Før ungane skal springa frå Fletaneset til Nysæterneset må dei varma opp.

Foto: Tuva Åserud

– Det handlar om samhald og å gjera noko i lag. Me heiar ikkje på enkeltbarn, me heiar på alle, seier Steinsland.

Ungane spring bortover vegen. Heldigvis har dei regnklede på.

Foto: Tuva Åserud

– Det er fint å få til ein skikkeleg «happening», seier Steinsland.

Foreldre har samla seg langs vegen med flagg for å heia.

Foto: Tuva Åserud

Framme ved mål får Tiril Brattabø Saue (4) medalje saman med alle dei andre barna. Så er det tid for å henta seg kake.

– Me tenkjer at dette skal bli ein årleg happening. Me har allereie byrja planlegginga, seier Steinsland.