Denne veka blei det klart at Helse Fonna hevar beredskapen, grunna ein kombinasjon av høgt sjukefråvær, mange pasientar med smitte og stort overbelegg.

– Grunna stort press og høg smitterisiko ber me om at du nøye vurderer i kva grad besøk til pasientar på våre sjukehus er nødvendig, melder helseføretaket onsdag.

Det er den høge smitterisikoen som gjer at ein ønskjer mest mogeleg avgrensa besøk, og at folk vurderer om besøkja dei planlegg faktisk må gjennomførast.

– Me ber også om at ein i staden for å komma ein heil flokk, heller kjem éin per familie. Det er òg viktig at ein held seg til visittidene ved dei enkelte sjukehusa.

Helse Fonna minner elles alle på å vera nøye med smittevern.

– Først og fremst handhygiene, og at ein held seg heime om ein er sjuk. Men det er også fleire ting ein bør tenkja på, skriv helseføretaket, og viser til dei generelle smittevernråda frå FHI.