08.00: 17. mai startar med ni smell på Stord. Pyroteknikar Steven Weltzien har fått ansvaret for salutten som blir fyrt av frå Onarheimsparken (Storddøra) i Leirvik sentrum på morgonkvisten.

FELLESARRANGEMENT LEIRVIK

08.00: Flaggheising ved støtta av Bård Haugland.

Stord musikklag, Leirvik mannskor og speidarane deltek.

Tale og nedlegging av krans, Liv Kari Eskeland.

Morgonfugl og faneberar Ola Dahl Andersen og duskedame Marit Edvardsen på kaien i 2023. Foto: Harald Onarheim (arkiv)

Morgontoget går gjennom Leirvik til Døso. Leirvik mannskor og Stord musikklag går vidare til Stord sjukehus der dei syng og spelar. Leirvik mannskor syng også på Stord sjukeheim og på Knutsaåsen.

10.45: Tale og nedlegging av krans ved Stord kyrkje til minne om dei falne.

Tale ved Reinert Svanberg.

Frp-politikar Reinert Svanberg skal tala ved Stord kyrkje. Foto: Sondre Hansen (arkiv)

11.00: Gudsteneste i Stord kyrkje.

15.00: Borgartoget stiller på torget. Kvart lag stiller under sine faner/merke.

15.30: Borgartoget startar.

16.00: Folkemøte i Vidsteensparken. Talar for dagen er kommunedirektør i Stord kommune, Tommy Johansen. Leirvik mannskor syng og Stord musikklag spelar.

17.00: Nasjonalfest i Frelsesarmeen med servering. Ord for dagen ved ordførar Sigbjørn Framnes.

Borgartoget startar som alltid frå torget på Leirvik klokka 15.30. Foto: Henrik Mundal Andreassen

LEIRVIK SKULE

10.00: Borna møter på skuleplassen.

10.15: Opning av dagen ved 7. trinn.

10.40: Barnetoget går frå skuleplassen.

11.30: Kafeen på skulen opnar.

11.45: Framvisning i regi av elevar ved skulen.

14.00: Programmet ved skulen er slutt.

HYSTAD SKULE

08.00: Flaggheising.

08.50: Elevane møter på skulen. Oppstilling på idrettsbanen. Appell ved elevar i 7. klasse. Stord skulekorps spelar.

09.30: Avgang med marsj ned til Stord sjukehus, forbi legevakta, opp Tysevegen og Håvåsen til Hystad skule.

10.00: Kafé i gymnastikksalen og pølsesal ute, ved Stord skulekorps.

Kafé i Hystadhuset og sal av is ute ved 17. mai-komiteen.

10.30: Leikar for borna på idrettsbanen. Vinnaren av det beste innslaget i 17. mai-toget vert kunngjort klokka 11.30.

12.00: Programmet ved skulen er slutt.

LANGELAND SKULE

08.00: Flaggheising.

09.30: Frammøte ved skulen. Elevane stiller opp. Me syng nasjonalsongen.

Appell for dagen ved elevar frå 7. trinn.

09.45: Toget går. Årets rute går frå skulen via Langelandsvegen, ned Kåreviksvegen, inn Langelandsåsen, ned til Friarkvilet, ut på Hornelandsvegen ned til Kårevikvegen og attende til skulen.

Kiosksal og buffé opnar etter at toget er gått.

Frå Langeland skule i 2023. Foto: Harald Onarheim

Me syng «Gud signe vårt dyre fedreland» og «Herlege Stordøy». Elevinnslag. Konsert ved Langeland skulekorps. Blomeoverrekking. Me syng «Norge i rødt, kvitt og blått». Etter konserten vert det leikar på skuleområdet og på Langelandsbanen.

13.00: Programmet ved skulen er slutt.

Neste års 1. trinn vert invitert med i toget under eiga fane (bak vaksenkorpset).

Me oppmodar om å ikkje parkera bilane langs vegen der toget skal gå. P-plassane ved skulen er sett av til rørslehemja.

Me ber dykk parkera på Heiane eller Vabakkjen.

Betaling med Vipps eller kontant.

17.30: 17. mai-fest i Horneland bedehus. Tale ved Ingebrigt Sørfonn.

HUGLO SKULE

10.30: Flaggheising på skuleplassen. Ord for dagen. Korpset spelar.

11.00: Gudsteneste.

Også i år blir det tradisjonell 17. mai-feiring på Huglo. Slik såg det ut i fjor. Foto: Hedvig Flornes

Tog.

Matøkt i gymsalen.

Sal av kaker og kaffi.

Leikar for små og store.

ROMMETVEIT SKULE

08.00: Flaggheising på Rommetveit skule.

11.00: 17. mai-samling i Aulaen. Tale ved Gaute Epland. Fredsdikt av elevar frå 5. trinn

Alle syng «No livnar det i lundar»

Nordbygdo 17. mai-kor og 5. trinn syng: «Gud signe Noregs land», «Herlege Stordøy» og «Ja, vi elsker».

Tidlegare ordførar Gaute Straume Epland er årets talar på Rommetveit. Her frå borgartoget i 2022. Foto: Henrik Mundal Andreassen

11.45: Barnetoget stiller opp i Borggarden.

Nordbygdo 17. mai-kor stiller opp i trappa og syng «Gud signe Noregs land» og «Herlege Stordøy».

11.55: Appell ved representantar frå 7. trinn.

Alle syng to vers av «Ja, vi elsker».

3 x 3 hurra!

Det er alltid song på Rommetveit på nasjonaldagen. Her frå i fjor. Foto: Jarle Kaldråstøyl

12.10: Toget går. Ruta er den vanlege forbi Samhald og over Krokane.

12.55: Toget tilbake ved skuleplassen.

13.00: Leikar på skuleplassen. Kafé i gymsalen.

Sal av pølser, brus og is ute på skuleplassen.

14.30: Programmet ved skulen er slutt.

FELLES BARNETOG I LITLABØ- OG SAGVÅGSBYGDA

09.45: Toget stiller opp.

10.00: Toget går.

11.00: Toget stoppar ved Nysæter kyrkje.

11.30: Arrangementa startar på Sagvåg skule og Tjødnalio skule.

11.45: Arrangementet startar på Litlabø skule.

Torleif Værøy fekk æra av å bera Solid IL si fane i fjor. Bak frå venstre ser me John Almås, Ole Morten Lie, Jan Arne Vassnes, og Karl Andreas Gravdal. Foto: Henrik Mundal Andreassen (arkiv)

SAGVÅG SKULE

11.30: Velkommen og helsing i gymsalen, kafeen opnar, leikane startar.

12.15: Elevinnslag: Appell v/ 7. klasse.

Elevane syng to songar. Kunngjering av beste innslag i toget.

12.50: Leikane sluttar og vinnar av tippeglas vert kunngjort

13.00: Programmet ved skulen er slutt.

LITLABØ SKULE

11.45: Kafeen opnar, leikane startar og det vert loddsal.

13.00: Underhaldning og loddtrekking i gymsalen.

14.00: Programmet ved skulen er slutt.

TJØDNALIO SKULE

11.30: Arrangementet ved skulen startar.

Kaféane opnar.

12.00: Velkomsthelsing

Appell for dagen ved 7. trinn. Kunngjering av beste innslag i toget. Korpset spelar. Leikane startar.

13.30: Programmet ved skulen er slutt

Me oppmodar foreldra om å stå saman med borna sine under appell og musikkinnslag. Leikane startar etter innslaga.

Også i år blir det folkemøte i Vidsteens­parken ved Leirvik. I fjor tok om lag 300 personar turen opp i parken etter borgartoget. Foto: Harald Onarheim

FITJAR SENTRUM

08.00: Flaggheising ved rådhuset – Fitjar skulekorps speler.

09.30: Samling ved rådhuset/p-plass.

09.50: Appell ved elevar 7. klasse.

Alle syng «Fagert er landet». Forsongar er Håkon Rydland Sæbø.

10.00: Barnetoget går frå Fitjar rådhus/p-plass.

10.00: Kafé opnar i Fitjar kultur- og idrettsbygg (10.30-14.00).

Sal av is, brus, betasuppe, pølser, kake og kaffi.

Foto: Preben Ørpetveit Solberg (arkiv)

10.00: Kafé Fitjartun ved Stranda Vel.

11.00: Familiegudsteneste i Fitjar kyrkje ved sokneprest Olav J. Oma.

Osternes mannskor og Fitjar skulekorps deltek.

Kransenedlegging for dei som fall under andre verdskrig, ved ordførar Wenche Tislevoll.

«Ja, vi elsker». Fitjar skulekorps spelar.

11.30: Rimbareid skule: FAU ved 6. klasse – kafé i gymsalen.

Obs. Berre Vipps. Lynlotteri/lukkehjul.

12.30: Samling i Fitjar kultur- og idrettsbygg, kultursalen.

Vakre Fitjar-bilete på storskjerm.

Appell ved Harald Johan Sandvik: «17. mai etter frigjering».

Harald Johan Sandvik held appell. Foto: Harald Onarheim (arkiv)

Appell ved Harald Rydland Sæbø, 10. klasse: «Norge - mulighetens land».

Tale for dagen: Leif Helge Engelsen

Osternes mannskor.

Nasjonalsong «Ja, vi elsker».

13.00: Rimbareid skule: Leikar for born på skuleplassen.

13.00: Veteranbil/­MC-kortesje: Sandvikvåg, rundt sjukeheimen og rundt Storavatnet.

14.00: Andeløp i Fitjarelva. Til inntekt for Polen-tur for 10. klasse Rimbareid skule.

Sal av andelodd ute og inne på Fitjar kultur- og idrettsbygg.

14.30: Rimbareid skule: Premieutdeling/­program gymsalen.

16.00: Gratis kino «Pusur»-filmen (Garfield), 6 år (3 år med vaksne).

Fitjar Kraftlag inviterer til gratis kino i kultursalen. Gratis is og popkorn. Ingen billettbestilling – kom i dør.

17.00: Fest i Fitjar bedehus.

20.00: 17. mai-pub, møteplass Fitjar, Fitjar fjordhotell. Fri entré.

ØVREBYGDA SKULE

13.00: Sal av betasuppe, pølser i brød, kaffi og kaker i gymsalen.

14.30: Program ved elevar i gymsalen og tale ved Gro Rydland og elevrådsleiar Elena Skumsnes.

Trekking av fruktkorg. Alle får eit lodd ved inngang.

Ca. 15.00: Leikar for born. Kiosksal. Berre Vipps og kontant.

16.30: Slutt.

19.00: Fest på Øvrebygda bedehus med tale av Bjørg Torvund.

OSTERNES

15.30: Osternes bedehus: Tradisjonell 17. mai-fest med mat og leikar for born.

HAGEBERG

15.30: Leikar for dei minste/aktivitetar for små og store. Sal av mat.

17.30: Fellessamling.

SELEVIK SKULE

12.30: Song og appell.

12.45-14.00: Leikar for born og vaksne, loddsal og gjettekonkurransar.

Kiosk med sal av mellom anna kaffi, kaker, pølse, is, brus og rømmegraut.

14.00-15.30: Bingo og kino.

Er det arrangement som manglar her? Send gjerne ei melding til redaksjonen@sunnhordland.no.

Rettelse:

Salutten på 17. mai skulle opphavleg gå klokka 07.00, men nestleiar i Stord IL Turngruppa, Anja Mikkelson, melder onsdag at sidan det offisielle programmet startar kl. 08.00 vil også salutten gå kl. 08.00. Det blir òg nasjonalfest i Frelsesarmeen med servering klokka 17.00, ei opplysing som er lagt til saka. Artikkelen blei oppdatert klokka 14.46 den 15.05.24.

Sjå alle rettingar her.