Foto: Tuva Åserud

Dette synest elevane om mobilfri kvardag

Utdanningsdirektoratet anbefaler at mobiltelefonen skal ut av klasseromma på vidaregåande skule.

Publisert: Oppdatert:
Foto: Tuva Åserud

Dette seier anbefalinga:

Streng regulering av mobiltelefonar og smartklokker i undervising på både barneskule, ungdomsskule og vidaregåande.

Også i friminutta på barnetrinnet blir det tilrådd streng regulering. På ungdomsskulen bør det vera mobilfritt, ifølgje anbefalinga.

På vidaregåande blir det ikkje tilrådd streng regulering i friminutta, av omsyn til elevane sin modnad og alder. Men ifølgje Utdanningsdirektoratet kan omsynet til eit styrkt skulemiljø grunngje restriksjonar.

Foto: Tuva Åserud

– Me er 18 år og møter her heilt frivillig, seier Tonje Egelandsdal (18, til v.).

Dei to jentene stiller seg uforståande til anbefalingane.

– Eg skjønnar ikkje heilt kva som er målet med dette, seier Miriam Mjånes (19).

Foto: Tuva Åserud

Vilde Felicia Vatne (16, til v.) og Amalie Olsen (17) et lunsj på Stord vidaregåande skule.

– Viss me skal passa tida må me nesten ha mobilen, seier Vatne.

Jentene peiker på at skulen ikkje har ringjeklokke.

Foto: Tuva Åserud

– Når me går på vidaregåande høyrer me alltid at me bestemmer over eiga læring, seier Vatne.

Ho meiner det er deira eige val om dei ønsker å ta opp mobilen i timane.

– Det går jo berre utover oss sjølv, seier ho.

Foto: Tuva Åserud

Venninna Amalie Olsen er eining.

– Eg kan skjønna det på ein barne- eller ungdomsskule. Der er dei ikkje vaksne nok, meiner Olsen.

Foto: Tuva Åserud

Emanuel Christensen (17, til v.), Mathias Litlabø (17), Berge Halleraker (17) og Lars Aksel Lekve (17) er ikkje heilt einige om kva dei meiner.

– Eg kan sjå tankegangen, seier Lekve.

– Eg er heilt ueinig. Elevane må få bestemma sjølv, seier Halleraker.

Foto: Tuva Åserud

– Eg likar å ha mobilen i nærleiken. Det er mykje personleg på den, seier Sanna Salomonsen Røssland (16, til v.).

– Det blir tungt om me skal ta opp pc-en kvar gong me skal sjå timeplanen, seier venninna Merili Juus (16).