Så langt i år er 19,7 grader høgaste temperatur som er målt i landet. I løpet av denne veka ligg me an til å nå endå høgare temperaturar, ifølgje Meteorologisk institutt.

– Eg kan ikkje lova at det blir 20 grader overalt. Det blir det ikkje. Men det er sjanse for det. Særleg litt utover veka, seier statsmeteorolog Marit Berger til NRK.

Her i vest ligg me godt an til å sjå første dag med over 20 grader. Årsaka til dei stigande temperaturane er varme luftmassar frå kontinentet.

Søndag kveld melder VG at det er meldt så mykje som 24 grader i Bergen på torsdag.

Langtidsvarselet til Meteorologisk institutt viser søndag 43 prosent sannsyn for regn på 17. mai i Sunnhordland. Forventa temperatur er 17 grader på nasjonaldagen, som må seiast å vera gode bunadsforhold.