Det vart tysdag morgon innført kolonnekøyring på riksveg 13 over Vikafjellet. Ei ny vurdering blir teken klokka 17 tysdag.

Fylkesveg 450 i Rogaland er samtidig stengd på grunn av steinsprang og Måløybrua i Nordfjord er stengd på grunn av kraftige vindkast.

– Folk må vera klar over at vegar kan bli stengde på kort varsel når det er vêr som dette. Sjekk på 175.no trafikkmeldingar før ein skal ut å køyra i dag, seier Monica Øksengård i Vegtrafikksentralen Vest til NTB.

Det er nokre køar mot byane, men ikkje meir enn normalt. Elles er det vått i vegbana og Øksengård ber folk tilpassa farten.

– Det blir også dårleg sikt, så sjekk innstillingane at du faktisk har køyrelys på. Sjå og bli sett, er noko som er viktig no, seier ho.