Foto: Preben Ørpetveit Solberg

Optimisme i nærings­livet på Stord

Halvparten av medlemmene i Stord næringsråd meiner omsetninga vil auka i 2024.

Publisert: Oppdatert:
Foto: Ingvild Siglen Berger

Ingen av medlemmene trur at arbeidsstokken skal reduserast, tvert imot svarer alle at arbeidsstokken vil auka opp mot 25 prosent.

Foto: Preben Ørpetveit Solberg

44,4 prosent av medlemmene reknar med at det økonomiske resultatet for 2024 vil verta betre enn i 2023.

Foto: Ingvild Siglen Berger

– Sjølv om mykje ser lyst ut, svarer verksemdene at det er nokre skyer på horisonten, seier dagleg leiar Torbjørn Brosvik i næringsrådet.

Foto: Henrik Mundal Andreassen

Det stigande rentenivået er ei utfordring både for verksemdene direkte, men òg indirekte ved at kundar gjerne ikkje tek seg råd til like mykje som elles, viser undersøkinga.

Foto: Henrik Mundal Andreassen

God tilgang på rett kompetanse er òg noko som vert løfta fram av lokale verksemder i undersøkinga.

Foto: Statens vegvesen

78 prosent av verksemdene meiner Hordfast er det viktigaste samferdsleprosjektet for næringsliv på Stord.

Foto: Henrik Mundal Andreassen

Medlemsundersøkinga er utført av Stord næringsråd i samarbeid med Bergen næringsråd og Næringsalliansen Vestland.