Arbeidarpartiet har mista 9,2 prosentpoeng og enda på 19,1 prosent i Sveio kommune. Her er nå alle røystene talt opp.

Oversikta viser at Høgre no er største parti i kommunen med 21,8 prosent. Ap og Høgre får etter valet fem mandat kvar. Frp får 14,2 prosent av røystene og fire mandag. Senterpartiet går kraftig tilbake med 8,3 prosentpoeng og ender på 10,5 prosent og tre mandat. Krf ender på 9,4 prosent. Tverrpolitisk fellesliste har fått 7,9 prosent av røystene og INP 7,3 prosent. SV får 3,5 prosent og eitt mandat.