Foto: Sondre Hansen

Kva betyr kvinnedagen for deg?

Sunnhordland spurde folk i Leirvik på den internasjonale kvinnedagen.

Foto: Sondre Hansen

– Viss me utnyttar det me kan som kvinner, har me det fint her. Sjølv har eg hatt det bra som kvinne og har vore sjølvstendig frå eg var liten, seier Sollaug Espedal (68).

Ho er pensjonist, men tenkjer på kvinnene frå dei kommande generasjonane som skal veksa opp i Norge.

– Det er viktig at dei har alle mogelegheiter, og i Norge har dei det. Så sant dei vil sjølv, meiner ho.

Foto: Sondre Hansen

Jasmijn Koomen (24) nyt sola på ein benk utanfor rådhuset på Leirvik med hunden sin. Ho er opphavleg frå Nederland, men likar seg godt på Stord når det er fint vêr.

– Kvinnedagen er ei viktig påminning, fordi det går ikkje alltid heilt rett veg alle plassar. Det er viktig å tenkja på, seier Koomen.

– Men her i Norge og i Vest-Europa generelt har det blitt normalt at ein kan gjera kva ein vil som kvinne.

Foto: Sondre Hansen

Jan-Martin Lyngås (51) jobbar sjølv i eit kvinnedominert yrke, og peikar på lønsforskjellen som eit viktig element for han på denne dagen.

– Kvinnedagen betyr at ein må setja fokus på kvinner sine rettigheiter, seier læraren, og legg til:

– Kvinner sin fridom er òg tryggleik. Tryggleik er noko som blir skapt av at folk har dei same mogelegheitene og utgangspunkta.

Foto: Sondre Hansen

For Gabi Schernthanar (57) er kvinnedagen ein heilt normal dag, men ho meiner den er viktigare i andre delar av verda.

– Eg veit det er mange folk i andre land som har problem der kvinner ikkje kan jobba, og må bli heime, fortel Schernthanar.

– Eg og mannen min er heldigvis heilt likestilte, seier ho.

Foto: Sondre Hansen

– Eg føler me har komme langt no med tanke på likestilling. Det å markera dagen er ein fin ting, seier Espen Madsen (40).

Foto: Sondre Hansen

– Diverre treng me kvinnedagen enno. Det betyr at me er nøydde til å ha ein sånn dag og markering framleis. Eg skulle ønska me slapp, men det gjer me ikkje, meiner Anne Lise Haugland (67).

Ho fortel at i yrka ho har vore i, har ho hatt det godt, og det har vore likt for alle.

– Me er på god veg her i Norge. I forhold til andre land ligg me nok høgt oppe, seier Haugland.

Foto: Sondre Hansen

– Det er eit fleirtal av jenter og kvinner i familien min, så det er ein viktig dag for oss, seier Yngve Lunde (53).

Han røper at han ikkje har kjøpt blomster til dei heime for å markera dagen.

– Kanskje eg burde gjort det, seier han og ler.