Vegtrafikksentralen vest melder fredag klokka 20.11 at E39 Bømlafjordtunnelen mellom Stord og Sveio er stengd ein kort periode. Dette er på grunn av spesialtransport som må køyra sentrisk gjennom tunnelen.

– Spesialtransporten er omtrent halvvegs no, det tek litt tid. Reknar med at den er ute om ca. 15 minutt, seier trafikkoperatør Marianne Hove ved Vegtrafikksentralen til Sunnhordland rett etter klokka 20.30.

Klokka 20.43 blei tunnelen opna for fri ferdsel.

Preben Solberg

Moderat skogbrannfare

Foto: Meteorologisk institutt

Meteorologisk institutt har eit pågåande farevarsel om skogbrannfare i Rogaland og deler av Vestland.

Dei anbefaler å ikkje bruka eld.

– Vegetasjon kan lett antennes og store område kan bli råka, skriv dei.

Det er òg gras-og lyngbrannfare inntil det kjem tilstrekkeleg med nedbør.

Tuva Åserud

Feststøy og fyrverkeri i natt

– I natt kom det melding om mykje feststøy frå Nordbygdo i natt, seier vakthavande ved Haugesund politistasjon, Herman Emil Eileraas.

Det skal ha vore ein større samling av russ på staden.

Det blei òg meldt om ei jente som ikkje klarte å ta vare på seg sjølv på same stad.

– Politiet var i kontakt med melder, og tok kontakt med føresette som skulle hente jenta, seier Eileraas.

Nokon på staden skal ha fyrt opp fyrverkeri, men ingen skal ha sett kven som fyrte det opp.

– Politiet har vore på staden ganske lenge og sett at ting har gått fint for seg.

Ingvild Siglen Berger

Fleirtal vil riva dammen

Betongdemninga i Lønningsåsen er i så dårleg stand at vasspegelen blei tappa ned i 2022. Sidan då har det vore uklart kva som skal skje med Vannverket. Foto: Henrik Mundal Andreassen (arkiv)

Torsdag behandla utval for byutvikling saka om skjebnen til Vannverket. NVE har nyleg gjeve Stord frist til 1. september med å laga ein plan for kva dei vil gjera med dammen i Lønningsåsen, og tiltaket skal vera utført innan 1. januar 2026. I saksutgreiinga gjer kommunedirektør Tommy Johansen det klart at han ut frå den alvorlege økonomiske situasjonen i Stord kommune dei neste åra, ikkje kan rå til å bygga opp igjen ein ny demning.

Eit fleirtal i utvalet gjekk inn for kommunedirektøren si innstilling, om å rå kommunestyret til å vedta alternativ éin med riving av demningen og føra området tilbake til naturen.

Tor Olav Blekenberg (Sp) kom med eit alternativt forslag om at kommunestyret vedtek å vidareføra ein dam på arealet, eventuelt nedskalert, men dette forslaget fekk fire (Ap og Sp) av elleve røyster og fell. Saka skal endeleg avgjerast i kommunestyret.

Ingvild Siglen Berger

Sikra ny kontrakt

Frå v. prosjektleiar Ragnar Breivik hos Hydro Husnes, dagleg leiar Trygve Kjerpeseth i BKS, innkjøpssjef Andreas Tarberg hos Hydro Husnes og prosjektleiar Håkon Ekeland frå BKS under signeringa av kontrakten. Foto: Eqva ASA

Eqva ASA sitt dotterselskap BKS Industri, som har hovudkontor på Sunde i Kvinnherad, har sikra ein ny kontrakt for Norsk Hydro. Kontrakten omfattar fase to av oppgraderinga av omnar ved Hydro Husnes, står det i ei pressemelding. BKS har tidlegare gjort tilsvarande arbeid i fase éin. Kontrakten har ein verdi på rundt 53 millionar og arbeidet skal vera ferdig i tredje kvartal 2025. Tidlegare denne veka skreiv Sunnhordland at Eqva ASA og Kvinnherad Elektro AS har signert avtale om å slå saman Eqvas dotterselskap BKS med Kvinnherad Elektro.

Ingvild Siglen Berger

Kortvarig stenging av Bømlafjordtunnelen

Torsdag ettermiddag blei eitt køyrefelt i Bømlafjordtunnelen stengd på grunn av ein bil med havari.

I 17.20-tida fortel trafikkoperatør Kjetil Larsen hos Vegtrafikksentralen at tunnelen akkurat er stengd for bilberging.

– Om tre-fire minutt reknar eg med tunnelen er open igjen, seier han.

Ingvild Siglen Berger

Trekkjer motsegn

Statens vegvesen fremja motsegn til reguleringsplanen for det planlagde steinbrotet i Levåg. I eit brev til Statsforvaltaren i Vestland ber dei no Statsforvaltaren om å trekkja Vegvesenet sine motsegner i saka. Dette skjer etter at det nyleg er gjennomført ein såkalla TS-revisjon for dei trafikale tilhøva for framtidig kryssløysing.

«Med dette som bakgrunn ser Statens vegvesen at våre krav til reguleringsplanen for steinbrotet på Levåg i Fitjar kommune er oppfylt», står det mellom anna i brevet.

I april vedtok kommunestyret i Fitjar detaljreguleringsplanen for steinbrotet, med atterhald om at Statsforvaltaren og Vegvesenet trekkjer sine motsegner. Det er entreprenøren K. Volden som står bak planane.

Ingvild Siglen Berger

Obs: Stengjer løp i tunnel

Klokka 16.13 torsdag melder Vegtrafikksentralen vest at eitt løp i Bømlafjordtunnelen er stengd.

Dette er på grunn av ein bil med stans i tunnelen. Det er feltet i retning Stord som er stengd, ifølgje Vegtrafikksentralen.

Henrik Mundal Andreassen

Mista lappen etter råkøyring

Politiet hadde torsdag ettermiddag ein trafikkontroll i Hystadvegen like ved Drømmehaugen.

– Me delte ut fire forenkla førelegg, og det vart eitt førarkortbeslag for køyring i 80 kilometer i timen i 50-sona, seier Lars-Einar Olderkjær på Stord politistasjon.

Sjåføren som mista lappen er ein mann i 30-åra frå Stord, og politiet har oppretta sak på råkøyringa.

Vidar Hope

Ber fitjarbuen skru igjen kranen

Fitjar kommune går torsdag ut med oppmoding til innbyggjarane.

– Det er for tida svært høgt vassforbruk, og for å sikra tilstrekkeleg drikkevatn og sløkkjevatn vil me oppmoda alle til å avgrensa vassforbruket. Me oppmodar også om å la vera å vatna hagane med vasspreiar. Takk for hjelpa, står det i meldinga.

Det er ekstremt tørt langs kysten. Den siste tida har det vore gult farevarsel for gras- og lyngbrann. Torsdag auka Meteorologisk institutt til oransje farevarsel for ytre strøk av Rogaland.

Vidar Hope

Svært tørt i terrenget

Torsdag kom det inn oransje farevarsel på kartet. Foto: Meteorologisk institutt

Det har over tid vore lokalt stor gras- og lyngbrannfare med stor spreiingsfare langs kysten. Torsdag går Meteorologisk institutt opp frå gult til oransje farenivå for ytre strøk av Rogaland. Faren gjeld inntil det kjem tilstrekkeleg nedbør.

Henrik Mundal Andreassen

To førarkortbeslag på E39

Onsdag kveld hadde Utrykkingspolitiet på Stord trafikkontroll ved E39 på Raunholm.

– To minutt etter at me starta kom førstemann køyrande i 143 kilometer i timen, seier Idar Helland i UP på Stord.

Seinare stoppa dei endå ein rask bilist, som køyrde i 119 kilometer i timen i 80-sona på staden. Trafikkontrollen enda med to førarkortbeslag og to forenkla førelegg.

Ingvild Siglen Berger

Får lov til utslepp

Foto: Henrik Mundal Andreassen

Miljødirektoratet godkjenner at Equinor får sleppa ut kjemikaliar frå Johan Castberg-skipet i Klosterfjorden i Kvinnherad, skriv E24 onsdag.

Skipet skal snart forlata Aker Solutions på Stord og skal testast i Klosterfjorden før avreise til Barentshavet. Sunnhordland har tidlegare omtala søknaden. Det er eit sulfatfjerningsanlegg som skal testast ut i Klosterfjorden, og Equinor har søkt om å få sleppa ut blant anna svovelsyre, biocid og hypokloritt.

Ingvild Siglen Berger

Endrar salutt-tidspunkt

Salutten på 17. mai skulle opphavleg gå klokka 07.00 fredag morgon. No opplyser nestleiar i Stord IL Turngruppa, Anja Mikkelson, at sidan det offisielle programmet startar klokka 08.00 vil også salutten gå klokka 08.00.

Det er pyroteknikar Steven Weltzien som har fått ansvaret for salutten som blir fyrt av frå Onarheimsparken (Storddøra) i Leirvik sentrum på morgonkvisten.

Ingvild Siglen Berger

Har sett dato for tilsetjingsmøte

Fitjar har den siste tida søkt etter ny kommunedirektør, etter at tidlegare kommunedirektør Gjermund Hagesæter tok sluttpakke i desember i fjor. I budsjettet for 2024 blei det vedteke å bruka 300.000 kroner til rekruttering av ny kommunedirektør.

Fitjar-ordførar Wenche Tislevoll (H) har tidlegare skissert at det kan bli snakk om tilsetjing i veke 21, og det ligg det framleis an til.

– Det vil bli kalla inn til eit ekstraordinært kommunestyremøte førstkommande tysdag den 21. mai, der innstillinga frå tilsetjingsnemnda blir lagt fram, seier Tislevoll til Sunnhordland, og legg til at i forkant av dette vil saksutgreiinga bli gjort kjent, inkludert ein rapport frå rekrutteringsbyrået Mercury.

Sunnhordland har klaga på avgjerda om å unnta fire søkjarar frå den offentlege søkjarlista. Fitjar kommune held fast på avgjerda og klagesaka er sendt til Statsforvaltaren i Vestlandet. Sunnhordland har førebels ikkje fått svar på klagen.

Ingvild Siglen Berger

Hadde trafikkontroll i sentrum

Frå rundt klokka 12.30 til 13.30 tysdag hadde politiet trafikkontroll i Sæ i Leirvik sentrum.

– Der blei det gjeve tre forenkla førelegg, og 58 km/t var høgaste målte fart i 40-sona, seier Kim Nedrehegg, seksjonsleiar i Stord-politiet.

Det var også kontroll på vegen ned mot Skjersholmane tysdag, der tre personar blei fråtekne førarkortet av Utrykkingspolitiet.

Ingvild Siglen Berger

Får ca. 34 millionar kroner ekstra

I ei pressemelding frå Klima- og miljødepartementet går det fram at Hydro Husnes får rundt 34 millionar ekstra i CO2-kompensasjon. Dette er i samband med at regjeringa følgjer opp semja med industrien om CO2-kompensasjonsordninga, med ei ekstrabevilling på 500 millionar i revidert nasjonalbudsjett.

– Eg er glad for at me har fått på plass føreseielege og langsiktige rammer for å omstilla og vidareutvikla industrien vår. Forslaget som no er lagt fram for Stortinget vil sikra arbeidsplassar og produksjon som er viktig både for at me i Norge og verda skal kutta utslepp. Kravet om at 40 prosent av midlane skal brukast på energieffektivisering og klimakutt i Norge legg også grunnlaget for nye og spanande investeringar i Hydro Husnes framover, seier klima- og miljøminister Andreas Bjelland Eriksen (Ap) i pressemeldinga.

Henrik Mundal Andreassen, Ingvild Siglen Berger

Tatt i 105 km/t i 60-sone

Politiet hadde kontroll ved Hatland på vegen ned mot Skjersholmane tysdag kveld.

– Me stod frå ca. kl. 18.20 til 21.45 og hadde åtte reaksjonar på fart, opplyser Idar Helland i Utrykkingspolitiet til Sunnhordland.

Tre av reaksjonane var førarkortbeslag frå sjåførar som køyrde i høvesvis 87 km/t, 103 km/t og 105 km/t i 60-sona på staden.

Ingvild Siglen Berger

Får dei varmaste temperaturane

Vestlandet blir den varmaste landsdelen desse dagane, ifølgje Meteorologisk institutt.

Sunnhordland skreiv måndag at meteorolog Geir Ottar Fagerlid lovar sommartemperaturar.

Ingvild Siglen Berger

– Ser at mange bedrifter slit med likviditeten

I ei pressemelding frå Tysnes Sparebank går det fram at dei opplever ein auke i misleghaldne lån. Ifølgje banken er dette eit utslag av tida den norske økonomien er inne i, og auken er størst på bedriftsmarknaden.

– Me ser at mange bedrifter slit med likviditeten, og difor blir hengande etter med betalingar til sine leverandørar og til slutt banken. Me har god sikkerheitsdekning i utlånsporteføljen vår, og forventar ikkje større tap i tida framover, seier banksjef Dag Sandstå i pressemeldinga.

Tysnes Sparebank leverte i første kvartal 2024 eit historisk godt kvartalsresultat på 17,2 millionar kroner før skatt, med både auke i utlånsvolum og betring i rentemargin. I løpet av året skal banken fusjonera med Haugesund Sparebank. I pressemeldinga står det at målet er å gjennomføra ein juridisk fusjon i løpet av andre halvår 2024.

Ingvild Siglen Berger

Kontrollerte promille på ferjekaien

Utrykkingspolitiet har hatt promillekontroll på Halhjem ferjekai frå klokka 08.20 til 08.50 tysdag morgon. 31 sjåførar blei kontrollerte, og resultatet var null utslag.

– Éin lastebil avskilta, grunna ikkje framstilt til kontroll, skriv Vest politidistrikt på X.